- Bergsøy skule-debatten forsurar det politiske miljøet

Oppvekstutvalet sine ønskje om stadfestande vedtak om ny Bergsøy skule møtte motbør i Herøy formannskap. Eit fleirtal der ser ikkje vitsen med å stadfeste allereie gjeldande vedtak og meinte det vil vere øydeleggande for arbeidsgruppa som jobbar med skulestrukturen.

Kritisk: Ordføraren skjønar ikkje ønskje om å stadfeste alle tidlegare vedtak før arbeidsgruppa, som no ser på skulestrukturen i Herøy, er ferdige med sitt arbeid.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Ny Bergsøy skule var nok ein gong tema på formannskapsmøte i Herøy tysdag, og igjen var debatten tydeleg prega av usemja kring framdrifta og prosessen for ny skule. På bordet låg ei sak på bestilling frå oppvekstutvalet i Herøy, der tilrådinga er at ein skal stadfeste tidlegare vedtak gjort om mellom anna plassering av ny skule og areal- og funksjonsplan. Tilrådinga bad også om at ein skal søke ny skule fullfinansiert i budsjett- og økonomiplanen for 2022–2025.