Presenterte kommunen sin nye «drakt» for formannskapet:

Dette er Herøy sin nye, grafiske profil

Kommunedirektør Trond Arne Aglen kunne stolt legge fram Herøy kommune sin nye grafiske profil for formannskapet tysdag.

Ny profil: Her er eksempel frå den nye grafiske profilen. Ser de korleis slagordet til Herøy - «Ei båtlengd føre» - er grafisk illustrert som båt-baugane sin evolusjon? Design/illustrasjon: Cann 

Nyhende

Herøy kommune har hatt behov for å fornye den grafiske profilen sin slik at den blir tilpassa nye krav til universell utforming, både i forhold til typografi og fargeval, men også for å tilpasse seg dei nye digitale flatene. No er arbeidet ferdig.