Legevaktsleiar etter at pasient måtte snu i Eiksund:

Tek til orde for video-overvaking i Eiksundtunnelen

Fire gongar sist veke var Eiksundtunnelen av ulike årsaker stengd. Søre Sunnmøre legevakt meiner det bør vurderast å innføre video-overvaking i tunnelen.

OFTE STENGD: Eiksundtunnelen er relativt ofte stengd. Natt til laurdag var det ny brannutrykking, noko som fekk fylgjer for utrykKingskøyretøy og ein pasient som skulle til legevakt i Hovdebygda.  Foto: Arkiv

Nyhende

Noko av det mest alvorlege er når brannslokkingsapparata i tunnelen vert utløyste. Då slepper ingen gjennom, sjølv ikkje utrykkingskøyretøy.