Litt tog, litt bilkortesjer og ein solid dose digital nasjonaldag i Sande

Pandemien gjer at det framleis vert ein litt amputert 17. mai mange stadar. I Sande har det vore jobba flittig siste vekene for å lage eit TV-show for innbyggarane.

Gjøneset skulekorps: Om kvelden, torsdag 6. mai, kom Vestlandsnytt over dette synet i fjøresteinane sør for Gjøneset. Skulekorpset, med drilltropp var i aksjon, medan folk frå felleskomitèen og innleigde fotografar med anna ordna med opptak. Det vert eitt av innslaga i sandssokningane si si eiga 17. mai-sending. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

Som i fjor, då nyvinninga vart ein suksess, er det nemleg gjenom Sande Nettsyn hovudfesten vert gjennomført. Det er ei digital sending som folk kan få med seg gjennom internett. Her vert det studioprat, tale, innslag frå bygdene og full pakke.