Satsar på ein meir fleksibel statsforvaltar

Styret i Kvalsund/Teige byggefelt trur Statsforvaltaren vil vere meir fleksibel enn kommunen i omstridd reguleringssak.

LEIKEPLASS: Terje Gjelseth og Karstein Sund i styret for Kvalsund/Teige bustadfelt trur Statsforvaltaren vil akseptere at bustadfeltet kan utvidast med berre ein ny leikeplass. Arkivfoto Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

Administrasjonen i Herøy kommune forventar at Statsforvaltaren kjem til å motsette seg eit reguleringsforslag som ikkje er i tråd med dei generelle retningslinene om leikeplassar i bustadfelt. Difor er reguleringsplanen for utviding av Kvalsund/Teige bustadfelt enno ikkje framlagt til politisk sluttbehandling i kommunen.