Gapahuk ferdig til sommaren:

Kommunen takkar med pizza

Gapahuken i parken ved Fosnavåg sentrum nærmar seg ferdigstilling. Elevar frå Herøy vidaregåande skule står for arbeidet, og no nærmar det seg opningsfest.

Pizzalunsj: Herøy kommune spanderte pizza på elevane som takk for arbeidet dei legg ned i gapahuken.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Med pizza på kommunen si rekning får VG2-elevane på bygg og anlegg ei lita takk for arbeidet dei legg ned i den nye gapahuken i Fosnavåg sentrum. Denne veka var elektrikaren på besøk og snart kjem også vindauga til det elevteikna bygget. Torger Kvalsund, driftsingeniør ved anlegg og drift i Herøy kommune, er imponert.