Leiar

Hjortedebatten blussar opp igjen

  Foto: Johnny Larsen

Nyhende

I det siste har debatten rundt forvaltinga av hjort vakna til live igjen. Kanskje ikkje heilt uventa, sidan hjorten vanlegvis trekkjer i retning mot spirande vårgras på innmark i denne tida av året.

Ei fersk teljing stadfestar elles det inntrykket som har festa seg mellom folk flest i den seinare tid: Det er mykje hjort her i området, enkelte stadar svært mykje.


Jamn vekst i hjortestammen: Her kan dei auke avskytinga

Årets hjorteteljing stadfestar inntrykket av at hjortestammen på Ytre Søre er sterkt veksande.


I mange år har forvaltinga av hjort vore ei sak der det nærast berre har vore grunneigarane og dei oppnemnde viltnemndene i kommunen som har «lov» til å meine noko. Folk flest har meir eller mindre bevisst blitt haldne utanfor.

Likevel gjeld dette fleire enn grunneigarar og jegerar. Vi ferdast alle i trafikken. «Alle» har sett hjort langs vegane eller kjenner nokon som har vore ute i trafikale situasjonar der hjorten har vore innblanda. Dessutan har dei fleste av oss ein hageflekk som vi steller med, og veldig mange hageeigarar har opplevd ribba tre og busker som følgje av svoltne firbeinte. Flått er også ei problemstilling der hjorten er involvert. Difor må ein seie at utfordringar knytt til hjort gjeld folk flest.



«– Det har store konsekvensar for oss som bur her. Det er mykje beiteskadar på hagar og jordbruksareal», skreiv Paul-Gustav Remøy i eit lesarinnlegg i Vestlandsnytt sist veke. Han omtalar den lokale forvaltinga som «jeger-venleg» og stiller spørsmål med politikken på dette feltet.


Fleire hjortepåkøyrslar bekymrar viltnemnda i Herøy - kjem med klar oppmoding:

Senk farta i desse områda!

Viltnemnda i Herøy, Sigurd Nygard, kan rapportere om fleire hjortepåkøyrslar i kommunen den siste tida. No vil han åtvare bilistar om spesielt utsette område med mykje hjort.


Kva er rett eller feil når det gjeld avskyting? Her stridast også dei lokale ekspertane. Også mellom sentrale forvaltarar og talspersonar i Herøy og Sande registrerer vi meiningsforskjellar. Dei aller fleste verkar samde om at auken i tale på hjort gjer at det bør takast ut fleire dyr. Men kor mange fleire? Er det OK med såpass stort «beite-, hage- og trafikkpress» som vi faktisk har i dag?