Matkos med måseegg? Då bør du tenkje deg om to gongar ...

Tradisjonen med sanking av måseegg er framleis levande – også i vårt kystsamfunn. No minner statsforvaltaren om reglane.

Svartbak: Av dei større stormåsane, og i praksis kan det vere lovleg for grunneigarar å plukke egg til matauk frå denne fuglen. Men det gjeld innanfor bestemte område, og uansett ikkje etter 20. mai. Arkivfoto: Johnny Larsen 

Nyhende

– I Herøy og Sande kan det vere det aktuelt å fortelje om reglane på dette feltet. Her er det mange område der måsen hekkar, men det er litt ulike reglar alt etter kvar hekkinga pågår, seier prosjektleiar Ola Betten hos statsforvaltaren.