Leiar

Kva ventar det kulturlivet på andre sida av pandemien?

Messing: Gursken Brass er ein av dei gruppene/orkestera som har smurt seg med ein solid dose tolmod under pandemien.  Foto: Arkiv / Robert Skeide

Nyhende

Pandemien har lagt ei klam hand over verda meir enn eit år, og framleis vil det vere restriksjonar i fleire månader, med det vi veit no. Konsekvensane er ulike frå person til person, bedrift til bedrift, landsdel til landsdel. Eit faktum er uansett at alle på ein eller annan måte er påverka av pandemien.

Såkalla hendingsbaserte aktivitetar er naturleg mellom dei som er mest råka. Der folk samlast, der det skjer noko med mange til stades. Mykje av dette handlar om kuturelle arrangement, medrekna sport. Slikt – ofte kalla limet i samfunnet – har til dels vore heilt nede etter at koronaen kom.

Heldigvis har kulturskulane framleis halde hjula i gang, då mykje basert på einskildundervising og opptredenar i i små kohortar, men utan publikum. Flott er det også at kommunane makta å arrangere UKM i år, ein digitale variant. Dyktige folk i alle ledd, frå utøvarar, medhjelparar, instruktørar og lærarar, til dei som legg til rette for digitale framsyningar.

Aktivitetar der det er vanleg med mange deltakarar, og publikum, er naturleg mellom dei som er mest råka. Mykje av dette handlar om kuturelle arrangement. Konsertar. Handball og fotball. Sogespela våre. Samlingar av ulike slag med framføringar. Men også øvingar og treningar, og det svært viktige sosiale aspektet ved det. Det meste forsvann over natta.

Det vert spanande å sjå korleis kulturlivet og idretten kjem ut på andre sida av pandemien. Noko avskaling vert det allereie meldt om, og det er triste signal. Trist for samfunnet sjølvsagt, men kanskje mest uheldig for dei enkelte. Dei som indirekte på grunn av Covid-19 gir seg med sin fritidssyssel, som sluttar med ting dei har meistra. Truleg trengst det ein stor kulturell og idrettsleg dugnad når samfunnet vert opna opp igjen.