Fleire hjortepåkøyrslar bekymrar viltnemnda i Herøy - kjem med klar oppmoding:

Senk farta i desse områda!

Viltnemnda i Herøy, Sigurd Nygard, kan rapportere om fleire hjortepåkøyrslar i kommunen den siste tida. No vil han åtvare bilistar om spesielt utsette område med mykje hjort.

I Tjørvåg vart denne hjorten påkøyrt fredag. Viltnemda åtvarar om mykje hjort i området og ber folk vere påpasselege på farta.   Foto: Sigurd Nygard

Nyhende

– Berre denne veka har der vore fleire hendingar rapportert inn til meg. Og då er det mi plikt å minne folk om at vi har ei veldig aktiv og stor hjortestamme no om dagen – både i Herøy og Sande.