Reglar for kyrkjelege samlingar

Samfunnet vårt vart opna litt meir 16. april, og vi kan igjen ha samlingar i kyrkjene våre!

Altertavle Larsnes kyrkje: Larsnes kyrkje har eit stort glasmåleri, laga av Anne Britt Krag i 2000. Motivet er den krossfesta Jesus Kristus. Eit flott blikkfang i kyrkja som vart vigsla 27. august 1989, ei moderne arbeidskyrkje med prestekontor og møtesal. 

Nyhende

Vi veit at mange saknar det igjen å kunne samlast fysisk, og vi er glade for at det no igjen er «lov» å samlast. For oss er det svært viktig at vi no gjer det trygt å samlast!

For tida opnar regelverket, og smittesituasjonen rundt oss for at vi kan samle inntil 100 menneske til gudsteneste, gravferder og andre samlingar i kyrkjene med faste, tilviste plassar. Ikkje alle kyrkjene r store nok til at vi kan samle 100 menneske, det er sjølvsagt storleiken på kyrkja er avgjerande for kor mange menneske som kan samlast i bygget.

Grunnlaget for samlingane er framleis at vi praktiserer godt smittevern og legg opp til at evt. smittesporing skal bli praktisk enkelt. For å halde godt smittevern er det viktig at berre friske menneske samlast, at vi held god handhygiene og godt avstand til kvarandre. Avstandsregelen er 1 meter og vi held 2 meter avstand i samlingar der det er allsong.

Ved gravferder er det familien som inviterer til gravferd og som har ansvar for å føre liste over dei som deltek, ved gudstenestene og andre arrangement vert desse listene ført av oss.

Enno kan vi ikkje samlast til kyrkjekaffi eller andre sosiale samlingar der vi ikkje har har faste, tilviste plassar – men vi håpar at smittetala framleis sig nedover - og at vi snart kan samlast også til sosiale møtepunkt rundt gudstenester og gravferder.

Heldigvis kan vi igjen samle inntil 50 barn og unge til samlingar, og dei treng heldigvis ikkje sitte stille på faste, tilviste seter.

Det er ikkje nødvendig å melde seg på til gudsteneste for tida, dei første som kjem får plass.

Kyrkjene i Sande og Herøy