Purrar på for opprydding på Larsnes-tomt

Sande kommune ber eigaren av ei industritomt om å handle.

Industritomt: Det er lagra utstyr og maskiner også utanfor tomta sine grenser.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Kommunen har tidlegare vore på synfaring saman med eigar Paul Anders Roppen på industritomta ovanfor Larsnes sentrum. No har kommunen sendt eit brev med tittelen «Plan for opprydding» til tomteeigaren.