Nytt koronatilfelle i Sande onsdag

Ein person som kom reisande frå utlandet er registrert med koronasmitte i Sande.

Korona: Det var eit smitteutbrot i Sande i påska. No har det kome til eit smittetilfelle til, men det har ingen samanheng med utbrotet i påska. 

Nyhende

Dette skriv kommunen på si heimeside onsdag:

- Kommuneoverlegen i Sande melder i dag om at ein person er smitta av Covid -19. Personen testa seg 12.04. etter innreise til Norge. Den smitta er no i isolasjon og 2 nærkontakter sit i karantene. Vedkomande har tidlegare vore smitta med Covid-19 og dette kan ha gitt utslag på testen. Kommuneoverlegen vurderer at situasjonen er under kontroll.