Sunnmørsbadet får 100.000,- kroner i koronastøtte med kommunen, men det er på langt nær nok:

- Vanskeleg situasjon

Karl Petter Sortehaug takkar naturleg nok Herøy kommune for nye 100.000,- kroner i koronamidlar til Sunnmørsbadet. Men det er ikkje til å stikke under stol at dette ikkje er tilstrekkeleg om ein skal klare å halde ope dei neste månadane.

Dag­leg leiar Karl Pet­ter Sor­te­haug ved Sunn­mørs­ba­det seier til Vestlandsnytt at dei kommunale støtteordningane er dei einaste ordningane dei i realiteten kan søke på.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det er ein vanskeleg situasjon. Det er bra at vi får pengestøtte, men fordelingspotten som kommunen har fått gjer at kakestykket blir for lite om vi skal klare å halde ope framover, seier den daglege leiaren for badelandet til Vestlandsnytt.