Herøy takkar ja til vel ein million frå staten: Etablerer sommarskule

Med pengar frå staten vil Herøy kommune etablere eit skuletilbod for grunnskuleelevar i årets sommarferie.

POSITIVT: Kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy meiner sommarskulen vil vere eit positivt tilbod med tanke på å gi elevar i grunnskulen ei mulegheit til å ta igjen noko av tapet som eit år med koronarestriksjonar har påført barn og unge.  Foto: Bjørnar T. Sævik

Sommaren kjem fort, og vi har ikkje så mykje tid å tenkje på.

Sølvi Lillebø Remøy
Nyhende

– Vi snakkar ikkje om eit vanleg skuletilbod, men heller eit aktivitetstilbod som er basert på læring, kanskje meir som ein sommarleir med ulike aktivitetar.