Koronatilskot til herøyskulen: Skal gå til tiltak mot sårbare barn og unge

Herøy rådhus  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Med eit tilskot på 189.000 kroner frå staten kan Herøy kommune gjere tiltak mot sårbare barn og unge i skulen. Målet med tilskotsordninga er å redusere elevane sin eventuelle tapte progresjon i perioden skulane har vore stengde eller hatt redusert opningstid grunna smitteverntiltak. Tilskotet er rekna ut etter talet på elevar med 194 kroner per elev.