Siste nytt om koronasmitta elev ved Herøy Vgs:

Smittesporingstesting av den aktuelle klassen og personalet

Nyhende

I samband med at ein elev ved Herøy vidaregåande skule testa positivt på covid-19, er det no gjennomført smittesporingstesting av den aktuelle klassen og det personalet som var i klassen i perioden 25. - 27.03.21 (17 personar), opplyser Herøy kommune.


Smitteutbrot i Ørsta:

Elev ved Herøy vidaregåande skule er smitta

Ein elev ved Herøy vidaregåande skule har i dag testa positivt på covid-19, melder Herøy kommune onsdag føremiddag.


Smittesporingsteamet i Ørsta/Volda følgjer opp smittesporinga der eleven bur. Den aktuelle eleven fekk sjukdomssymptom 27.03.21, altså etter at påskefri hadde starta. Eleven vart testa først 06.04.21, og positivt svar låg føre i dag 07.04.21.

- Sjølv om siste kontakt på skulen var for 12 dagar sidan, har vi ut frå gjeldande retningslinjer gjennomført smittesporingstesting og karantenesetting av dei vi har definert som nærkontaktar på skulen. Vi forventar svar på dagens testar i morgon kveld, opplyser kommuneoverlegen.

Slik situasjonen framstår i dag er det ikkje grunnlag for ytterlegare tiltak som t.d. testing av alle elevar og tilsette ved skulen, eller stenging av skulen. Elevar og tilsette skal halde seg til dei gjeldande smittevernreglar som gjeld for skulen. Det vert gjort nye vurderingar når testsvar ligg føre.

Skulen held fram med gult nivå i sitt smittevern, og råd og retningslinjer for bruk av handsprit og munnbind er gjeldande som før. Med unntak av dei som er sett i kartene, møter elevar og personalet på skulen som normalt i morgon torsdag.

- Men hugs: Er du sjuk skal du ikkje møte på skulen, og du skal melde deg til testing der du bur. Vask hendene så ofte som råd er, bruk munnbind der du ikkje kan overhalde avstandskravet på 2 meter, oppmodar kommunen.