Kan bli opna for sal av ringnotkonsesjonar frå nord til sør

Forbodet mot at ringnotkonsesjonar kan kjøpast frå nord til sør kan bli oppheva.

hemmande: Forbode mot sal av fartøy med ringnotkonsesjon frå nord til sør er hemmande for nordnorsk ringnotnæring, meiner Nærings- og fiskeridepartementet. foto:Norges sildesalslag 

Nyhende

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke å sende på høyring eit forslag om å oppheve instruksen om sal av fartøy med ringnotkonsesjon frå Nord-Norge til Sør-Norge. Instruksen medfører at fiskeristyresmaktene ikkje skal gi ervervsløyve ved frivillig sal av slike fartøy frå nord til sør.