Lasteskip i drift utan motorkraft og mannskap:

Fare for kantring og drivstofflekkasje

Lasteskipet Eemslift Hendrika gjekk måndag kveld på autopilot i Norskehavet, men i 23-tida mista fartøyet motorkraft. Kystverket håpar vêret skal løye tilstrekkeleg til at dei kan få stabilisert lasteskipet som er i drift utan motorkraft 13 mil nordvest for Ålesund.

Det nederlandske lasteskip Eemslift Hendrik har fått slagside i Norskehavet. Heile mannskapet på tolv er redda i land. Skipet ligg rundt 70 nautiske mil nordvest av Ålesund og skipet har fått ei slagside på cirka 45 grader.   Foto: Redningshelikopter Florø/ Hovedredningssentralen Sør-Norge

Nyhende

Lasteskipet Eemslift Hendrika sende måndag formiddag ut nødsignal etter at lasta forskauv seg og skipet fekk slagside. Seint same dag mista skipet all motorkraft og har vore i drift sidan.