- Kommuneoverlegen har i kveld fått melding om at ein person til er smitta. Den smitta var allereie i karantene og er no i isolasjon. Det blir i kveld jobba med smittesporing. Det er 10 nærkontakter til denne smitta personen. Smittekjelda er relatert til kjent utbrot i Sande frå tidlegare i veka, opplyser kommunen.
Det er venta svar på resten av prøvene laurdag, opplyser kommunen på sine heimesider (ekstern lenkje).
Vi intervjua leiar i krisestaben i Sande kommune, ordførar Olav Myklebust, litt før det åttande tilfellet vart kjent: