Endå ein sandssokning smitta

Skjærtorsdag kveld melder Sande kommune om endå ein person som har fått koronasmitte.
Nyhende

Dermed har til saman sju sandssokningar fått påvist koronasmitte siste tre dagane. Tysdag var talet fire, onsdag to og torsdag altså éin.

- Smittekilde er kjent og relatert til smittetilfelle som er meldt tidlegare i veka. Den smitta sit i isolasjon og smittesporing er fullført. Nærkontaktene har anten allereie testa seg eller skal testast i morgon. Vi har førebels ikkje noko informasjon om at dette er eit mutert virus, opplyser kommunen på sine heimesider (ekstern lenkje).


Fryktar fire kan bli fleire:

- Mest alvorlege situasjonen vi har hatt

Leiar i krisestaben i Sande kommune, Olav Myklebust, seier dei fire registrerte koronatilfella tysdag kveld kom som ei svært negativ overrasking ved inngangen til påska.



Utbrotet i Sande aukar i omfang - frå fire til seks

To nye sandssokningar er stadfesta smitta av Covid-19.