Nøysame August dreiv gard i sytti år - no jubilerer han

Heile livet har gått med til å gjere garden til eit mønsterbruk. Då er det ikkje til å undrast over at August heldt senga den dagen dei siste dyra vart henta.

August Hauge: Han var yngst i ein stor syskenflokk, men det var denne karen som tok over garden og utvikla han til eit mønsterbruk. – Her står det klart til overtaking, om nokon vil satse, seier den tilkomande nittiåringen. På bordet eitt av prova på godt arbeid gjennom mange år, Tine si sølvtine. Alle foto: Endre Vorren 

Nyhende

Det stemmer, den dagen var vond, og eg låg i senga til dei hadde reist med kyrne. Men det er no slik at alt har si tid. Sorga over tapet av dyra har etter kvart gått litt over, seier August Hauge, – på mange vis «den siste viking» av den eldre garde gardbrukarar ute i havgapet,