Korona-utbrot i Sande - fire smitta

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Tysdag kveld vart det kjent at at fire personar i Sande er koronasmitta.

- Smittesporing er i gang og testing av nærkontakter blir gjennomført i morgon kl 10. Testane blir køyrde til Molde med det same. Dei som blir testa skal vere i karantene. Familien til nærkontaktene held seg i ventekarantene. Desse skal ikkje på jobb/ skule eller ha anna kontakt med andre inntil negative prøvesvar frå nærkontaktene ligg føre.


Fryktar fire kan bli fleire:

- Mest alvorlege situasjonen vi har hatt

Leiar i krisestaben i Sande kommune, Olav Myklebust, seier dei fire registrerte koronatilfella tysdag kveld kom som ei svært negativ overrasking ved inngangen til påska.


Det opplyser kommunen på sine nettsider.

Kommunen minner om smittevernreglane og varslar at meir informasjon vil kome. Kommunen orienterer om "mange" nærkontaktar, men opplyser førebels ikkje kor mange.

Etter det Vestlandsnytt har fått opplyst, er føresette til 9.-klassingar på Gurskøy-delen av kommunen varsla om at elevane må møte til testing onsdag føremiddag.

Tysdag kveld opplyser Herøy kommune følgjande:

I samband med påvist smitte i Sande kommune i kveld 30.03.21 er ein familie i Herøy sett i karantene, og det vert gjennomført testing i morgon onsdag. Vidare tiltak utover karantene vert vurdert når testsvar ligg føre, melder kommuneoverlegen.


Sunnmørsbadet stenger ned torsdag:

- Det er trist og vi taper vår beste sesong

Karl Petter Sortehaug, dagleg leiar for Sunnmørsbadet, forstår at ein no «stenger ned landet» igjen, men likevel er det med tungt hjarte han må lukke dørene på badeland frå torsdag av.



Nye nasjonale koronatiltak:

Skjenkestopp, to meters avstand og forbod mot innandørs idrett- og fritidsaktivitet

Regjeringa innfører koronainnstrammingar som gjeld i heile landet. – Det er nødvendig med strengare tiltak no, seier helseminister Bent Høie (H) på ei pressekonferanse tysdag kveld.