– Den digitale UKM-sendinga er utsett til 17. april, men det blir ei knallbra UKM-sending, lovar Sande kommune.
For å få litt meir tid til planlegging, gjennomføring og innspeling av innslaga som skal vere med, utset kommunen datoen for den digitale framsyninga av UKM.
– Vi har fått mange påmeldingar i ulike kategoriar, seier kulturskulerektor Susann Worren Hauge på kommunen sine nettsider.
– Sjølv om det er trasig at vi ikkje får ha ei vanleg kulturmønstring med publikum og den gode stemninga i salen, så blir dette veldig bra! Det har vi stor tru på – og så lærer vi alle noko nytt når vi må jobbe på nye måtar, seier ein entusiastisk kulturskulerektor.