Voksa kultursenter på oppløpssida:

Lys i enden av tunnelen for Karin sitt hjartebarn

Ved eit par høve var ho nær ved å gje opp prosjektet sitt på Voksa. No ser Karin Flatøy Svarstad endeleg at Voksa kultursenter er i ferd med å bli ein realitet.

Voksa kultursenter: Karin Flatøy Svarstad er kome inn i innspurten med kultursenteret. «Grinda» bak til venstre. delar av gamleskulen til høgre. Det er brukt millionsummar på prosjektet som har strekt seg over fleire år.  Foto: Endre Vorren

Kultur og reiseliv er vekstbransjar som treng satsing i åra som kjem.

Karin Flatøy Svarstad
Nyhende

– Vi har skubba fullføringa framover i tid nokre gongar. Ting tek tid. Slik det ser ut no, kan vi ta kultursenteret og Voksa Gjestehus i bruk om nokre månader, seier Karin.