Sjutoppsturen avlyst for andre året på rad

Den populære Sjutoppsturen på Sandsøya, som kunne skilte med rundt tusen (!) deltakarar i 2019, er avlyst for andre året på rad.

Sjutoppsturen: Heller ikkje påska 2021 blir krydra med Sjutoppsturen. Her frå Grøntua (post 7) i ei tidlegare utgåve.  Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Nyhende

– Vi håpte i det lengste på at vi i alle fall kunne arrangere Sjutoppsturen i ei smittevern-venleg og nedskalert utgåve, men dessverre måtte vi avlyse igjen, som i fjor, seier leiar Anne Bjørg Bringsvor i Sandsøy idrettslag.