Smittesporing pågår på Larsnes - e-sport-deltakarar må teste seg

Sande kommune ber dei som var på e-sport-samling på Larsnes fredag om å gå i ventekarantene.

Covid-19: Sande kommune har oversikt over nærkontaktene til vedkomande som er smitta.  Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Det kjem fram av informasjon frå Sande kommune søndag kveld. Saka gjeld smittetilfellet i Sande som har oppstått som følgje av virusutbrotet som knyter seg til Volda vgs.


Fleire frå Herøy og Sande sette i karantene etter utbrotet ved Volda vgs

Til saman 13 personar som er busette i Herøy og Sande er sette i karantene etter at det før helga vart oppdaga smitte mellom elevar frå Volda vgs.



Ein av ungdomane frå Sande er smitta

Søndag ettermiddag kom meldinga om at ein av dei seks Sande-ungdomane tilknytt utbrotet ved Volda vgs, er smitta.


- E-sport-deltakarar pluss familien må i ventekarantene til prøvesvar frå denne nærkontakten ligg føre. Dei skal ikkje møte på skule og jobb måndag, og får melding om dette frå skulen. Desse skal møte til testing i måndag på Sande legesenter, opplyste kommunen søndag kveld.

Dette gjeld elevar i 5., 6. og 7. årstrinn som møtte fredag kveld, presiserer kommunen.

Har funne alle nærkontakter

Det vert rekna som sannsynleg at personen i Sande som er smitta frå Volda vgs, er smitta med eit mutert virus.

- Vi har definert alle nærkontakter til den smitta. For å vere føre var har vi bedt alle som har vore i kontakt med nærkontaktene om å vere i ventekarantene og halde seg heime frå arbeid og skule i morgon til prøvesvar ligg føre. Dei blir også bedne om å kome og teste seg ved legesenteret i morgon (måndag, red. mrk). Vi håper dermed å ha god kontroll og dermed hindre smitte vidare i samfunnet.

Kommunen legg til at skular og barnehagar held ope som vanleg måndag, 15. mars. Dei som skal halde seg heime frå Larsnes oppvekstsenter - på grunn av smittesporinga som er gjort søndag kveld - får direkte melding om dette.