Koronasmitte ved Volda vg skule

Kulturskuleelevar i Herøy sette i vente-karantene

Eit arrangement i regi av Herøy kulturskule som skulle ha gått av stabelen laurdag ettermiddag, er utsett.

Bjørn Martin Aasen: Kommune- og smittevernoverlege i Herøy.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Deltakarane som var på fredagens generalprøve til kulturskulen sitt arrangement i Fosnavåg konserhus, er sette i såkalla vente-karantene.

- Dette er innført som eit føre-var-tiltak. Bakgrunnen er at ein av kulturskuleelevane som var på generalprøve i Fosnavåg fredag, er definert som mogleg nærkontakt med ein elev ved Volda vidaregåande som seinare fredag fekk påvist koronasmitte, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy til Vestlandsnytt.

Han seier dette er eit føre-var-prinsipp, og at det altså dreier seg om nærkontakter til ein nærkontakt av ein smitta.

Både når det gjeld arrangementet i Volda og det som altså blir utsett i Fosnavåg, dreier det seg om fleire titals ungdomar.

Volda vidaregåande skule spelte i følgje Møre-Nytt onsdag inn ein video i Ørsta kulturhus. I koret var det 70 songarar, ungdom frå heile regionen. Det gjeld dei tre klassene frå musikklinja og to klasser frå medielinja. Desse elevane er no oppmoda om å teste seg for korona.

Aasen meiner denne saka syner det han har gjenteke nokre gongar i det siste:

- Meir koronasmitte rykkjer stadig nærare.

- Skikkeleg trasig

Kulturskulerektor Rune Paulsen seier det sjølvsagt er leit og trasig at eit arrangement dei lenge har førebudd seg til, no vert utsett.

- Men slik er det. Vi hadde generalprøver fredag, og først seint om kvelden fekk vi vite at ein av "våre" er mogleg nærkontakt med ein smitta elev i Volda.

Paulsen seier det er snakk om rundt førti ungdomar og vaksne som no vert definerte som nærkontakter til ein mogleg nærkontakt. Deira familiar vert ikkje omfatta av karantene, men alle må naturleg nok syne ansvar fram til situasjonen er avklara.

Kva så med kulturskulen sitt arrangement i Fosnavåg som laurdag gjekk i vasken?

- Vi har øvd så mykje at vi er klar til å framføre nær sagt på dagen, berre vi får grønt lys. Men smittevernsituasjonen har førsteprioritet, seier kulturskulerektor Paulsen.

Ut av ventekarantene søndag

Søndag ettermiddag vart vente-karantenen avblåst, etter at det synte seg at kulturskuleeleven som hadde vore i Volda, ikkje var smitta. Prøva teken av vedkomande, var negativ.