Olav Myklebust har kjent på ansvaret under koronaåret:

– Det blei ein elddåp

Som relativt fersk Sande-ordførar blei Olav Myklebust, som resten av oss, kasta inn i koronapandemiens harde verkelegheit 12. mars 2020. No, eitt år seinare, er han imponert over korleis ein har handtert pandemi-året i kommunen.

Olav Myklebust: Leiaren av krisestaben i Sande meiner ein har klart seg godt i kommunen. Han roser både lokalbefolkninga og næringslivet for innsatsen siste året. Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

– Vi var tidleg på bana. I starten var vi veldig usikre på kor omfattande dette var og kor mykje vi måtte planlegge. Vi planla derfor for eit worst case-scenario.