Kritikk mot vaksineprioritering i Sande:

- Eg meiner vi har gjort det rette

Det meste av av helsepersonellet i Sande er vaksinert mot Covid-19, medan retningslinjene seier at det berre er "kritisk helsepersonell" som skal vaksinerast.

Olav Myklebust: Lovar at Sande kommune skal bli flinkare til å orientere om korona- og vaksinestatusen, - på kommunen sine internettsider.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

- Eg meiner det ikkje er gjort feil i prioriteringane. Nokre hevdar at bebuarar på institusjon som er vaksinerte, er immune, men det har vi faktisk ingen garanti mot. Difor har vi prioritert både dei som bur på sjukeheim og dei som arbeider i helsesektoren, seier ordførar Olav Myklebust.