Herøy kommune snart klar med tildeling av:

24 mill. til bustadhjelp

Snart vil Herøy kommune ha heile 24 millionar kroner å dele ut i lån og tilskot til bustadetablering i kommunen.

Inga ungdomsordning: Spesialrådgivar Jan Driveklepp understrekar at dagens startlånsordning ikkje er ei låneordning for unge i etableringsfasen, men ei ordning tiltenkt vanskelegstilte etter behovsvurdering.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Pengane har Herøy kommune hatt ståande klare, men av ulike årsaker har kommunen ikkje greidd å formidle vidare dei mange millionane som har vore tiltenkt startlån og ulike tilskot til bustadetablerarar, som Husbanken si forlenga arm. Det har resultert i at innkomne lånesøknader siste året berre har blitt liggande utan å bli behandla.