Norske yrkesfagarbeidarar er mangelvare på Søre Sunnmøre:

Desse elevane er truleg garantert lærlingplass

Røyrleggarar. Snikkarar. Elektrikarar. Dei trengst over heile linja og er nærast garantert jobb. Likevel slit dei bransjenæringane med å rekruttere fagfolk.

Vil ta fagbrev: Lokale yrkesfagarbeidarar er generelt vanskeleg å få tak i. Øyvind Roseth (16) frå Fosnavåg og Olai Liaset Skoge (16) frå Gursken kan bli viktige for den lokale elektrobransjen når dei tek fagbrev om nokre få år.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Olai Liaset Skoge (16) frå Gursken tvinnar konsentrert på dei bitte små kablane som stikk ut av leidninga frå det nesten tomme sikringsskapet. Han held på å kople eit lite datanettverk. Arbeidet er ikkje akkurat rakettforsking, men det krev presisjon – og eit godt fungerande fargesyn.