Kallar inn til ekstraordinært kommunestyremøte om Fosnavåg hamn:

Vil ha både Kystverket og Miljødirektoratet til stades

Etter eit fellesforslag frå Høgre, KrF og Frp gjekk lokalpolitikarane i formannskapet inn for å sette opp eit ekstraordinært kommunestyremøte om Fosnavåg hamn tidleg i mars.

Lite tid: Tida er i ferd med å renne ut om Herøy skal rekke fristen med oppstart av Fosnavåg hamn-prosjektet neste år. Per i dag er dette eit krav om dei skal få dei 108 millionane som dei er lova til utdjuping og miljøopprydding av hamna. Klarer dei ikkje dette, eller får reforhandla krava, kan det vere at pengane glipp. Dei store spørsmåla som endå ikkje er svara på er; kvar skal ein deponere massane? Og kva kan ein bruke deponiet til?  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Kystverket og Miljødirektoratet talar med to tunger og kjem med krav som strir imot kvarandre. Vi meiner derfor det er på tide å få samla alle i eitt rom. Vi vil at vi no samla kan invitere Kystverket, Miljødirektoratet, Agder Marine AS og kommuneadvokaten til møte.