Vasstrøbbel i Herøy har ført til store vanskar:

Herøy Vasslag svarar om problematikken: - Veldig viktig å avgrense forbruket

Eit problem som skriv seg tilbake til fredag førte til vassmangel i store delar av Herøy. Skular, barnehagar og fleire bedrifter måtte stenge ned måndag. No forklarar vasslaget korleis dette kunne skje.

Her ser vi nokre av dei som har stått på i arbeidet med å rette opp i problemet.   Foto: Herøy Vasslag

Nyhende

Fredag kveld sende Herøy vasslag ut varsel til 2200 abonnentar der dei bad folk om å redusere vassforbruket sitt til eit minimum. Det hadde oppstått eit leidningsbrot i området ved Kiwi-butikken på Eggesbø seint på ettermiddagen. Det som på overflata såg ut til å vere eit nokså «uskuldig» problem, skulle derimot vise seg å få større konsekvensar enn som så.