Stenger fleire skular og barnehagar i Herøy på grunn av vassløyse

Forsyningskollapsen i Herøy vasslag fører måndag til ei rekkje stengde skular og barnehagar i ytre Herøy.

BOR­GA: Ein av skulane i Herøy som må stenge på grunn av vassmangel.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Store delar av ytre Herøy er råka av vassmangel, og vanskane blir truleg ikkje utbetra med det aller første.

Bergsøy skule avdeling Borga og Blåhaugen, Ytre Herøy ungdomsskule, Einedalen skule og Bergslia barnehage er kommunale einingar som held stengt måndag.

Også Herøy vidaregåande skule må stenge dørene på grunn av vassmangel.

- Private barnehagar orienterer føresette direkte, opplyser kommunen.

Verken Huldal, Gnist, Troll-Lia, Troll-Myra, Sirlihaugen eller den kommunale Bergslia barnehage har ope måndag.

I neste omgang fører dette naturleg nok til ei rekkje praktiske utfordringar for heimane, der mange foreldre altså ikkje kan møte på jobb måndag.

- Vi kan ikkje halde ope dei nemnde skulane og barnehagane utan at der er vatn. Derfor informerer alle skulane og barnehagane dei føresette i kveld om situasjonen. Stenging gjeld måndag 15. februar, og vi reknar med at alt er normalt igjen frå tysdag 16. februar, seier kommunalsjef for oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy til Herøy kommune si heimeside.

Vestlandsnytt har vore i kontakt med rektor Ester Sørdal Klungre ved Herøy vidaregåande skule.

- Vi har varsla elevar og føresette om at skulen held stengt måndag, seier Klungre.

Vassløysa fører også til at Herøy rådhus må stenge dørene måndag 15. februar.

Måndag vart det kjent at også Moltu skulle held stengt måndag.

Situasjonen påverkar også fleire bedrifter, som Fosnavaag Pelagic og Mowi.




Herøy vasslag:

Framleis vanskar med vassforsyninga laurdag kveld

Laurdag kveld er det framleis inga ordning på vanskane til Herøy vasslag.