Søndag ettermiddag, etter at det er oppdaga svært høgt forbruk og nye vanskar har oppstått, må abonnentane til vasslaget førebu seg på å kunne bli heilt utan vatn.
Det kjem fram av ei melding frå vasslaget klokka 16.23.
Her heiter det at dei fleste av abonnentane kan bli utan vatn, noko vasslaget berre må beklage.
No oppmodar ein folk til å stenge av sitt eige forbruk, slik at ein bevarer vatnet som er i hovudleidningane.
Opp- og nedturar
Søndag føremiddag sende vasslaget ut ei melding der det heiter at alle abonnentar skal ha fått tilbake vatnet.
Likevel er vasstilførselen framleis ikkje heilt på topp. Difor blir abonnentane framleis oppmoda om å spare på vatnet.
Om nokon framleis ikkje har fått vatnet tilbake, blir folk først oppmoda til å sjekke om det kan vere frosne røyr. Då er det røyrleggar ein må kontakte.
Seinare søndag gjekk vasslaget ut med informasjon om urovekkande høgt vassforbruk på Bergsøya. Folk vart bedne om å sjekke leidningsnettet sitt for eventuelle lekkasjar.
Les meir om vanskane her:
Herøy vasslag:
Framleis vanskar med vassforsyninga laurdag kveld
Laurdag kveld er det framleis inga ordning på vanskane til Herøy vasslag.