Museumsstriden får konsekvensar for jektenaustet:

- Dette er utidig press frå fylket!

Uttrekkinga av Herøy kystmuseum frå Musea på Sunnmøre får konsekvensar for finansieringa av jektenaustet på Herøy.

Misser tilskot: Finansieringsplanen for jektenaustet misser 1,5 millionar kroner om fylkeskommunen dreg tilbake tilskot som er gitt gjennom Musea på Sunnmøre.   Foto: Illustrasjon Sporstøl Arkitekter.

Nyhende

Med eit fylkeskommunalt tilskot på 1,5 millionar kroner, har det planlagde naustet og formidlingssenteret for Sunnmørsjekta vore så godt som fullfinansiert. Naust- og formidlingsprosjektet, som er kostnadsrekna til i overkant av fem millionar kroner, har hatt 2021 som planlagt oppstartingsår.