Vaksinering i Herøy

Snart ringjer vi deg over 80

No startar vi snart med vaksinering for alle innbyggarar over 80 år. Dei første får vaksine i veke 4. Det vil seie neste veke.

Servicetorget: Klare til å ringe rundt til 400 personar over åtti år: F.v. Wenche Moltu, Lene Utseth, Dina Voldsund Djupvik og Susann Fosnavåg.  Foto: Herøy kommune

Nyhende

Det betyr at dei første innbyggarane over 80 år får telefon frå oss i løpet av denne veka. Du som er i denne gruppa skal difor ikkje ringe for å bestille time. Det er vi som tek kontakt med deg. Vi ringer dei eldste først.

Tildeler tid for første og andre vaksinasjon

Det er servicetorget i Herøy kommune som ringer opp, og dei kjem til å tildele time til første og andre vaksinasjon samstundes. Det er nemleg slik at det skal vere minst tre veker mellom kvar dose. Dermed sikrar både du og vi oss at du som skal få vaksine, har fått tid til begge dosane.

– Det vil ta litt tid å ringe alle, sidan servicetorget skal ringe om lag 400 personar utifrå kor mange vaksinedosar vi får. Vi gir oss ikkje før vi er i mål, forsikrar leiar for barn, familie og helse, Runa Bakke.

Vaksinering av alle over 80 år vil gå føre seg over fleire veker, og difor må ein ikkje verte utålmodig om ikkje ein får telefon første veka.

– Alle skal vere trygge på at dei får telefon frå oss når det er deira tur, legg Runa Bakke til.

Ho seier også at nokre kan få tilbod om å stå på reserveliste dei komande vekene. Det betyr at du kan få telefon om du vil kome før, dersom nokon ikkje kan møte.


54 personar har fått korona-vaksine i Herøy og Sande:

Her får Petter første dose

– Det var godt å få tatt han. Det var berre eit lite stikk.


Varslar også på SMS

Vi kjem i tillegg til å sende ut SMS før vi startar å vaksinere ei ny aldersgruppe. Det betyr at det vil gå ut varsel til alle innbyggarar i løpet av denne veka.

Får du ikkje SMS frå Herøy kommune? Då kan du registrere deg på noreg.no

Hald deg oppdatert på Herøy kommune si nettside om vaksinasjon og koronaviruset.