Slik blir UKM i Herøy i år:

Ei storstilt TV-sending!

I år blir UKM i Herøy gjennomført digitalt, men det blir ikkje noko dårlegare av den grunn. Nei, snarare tvert imot. Her blir det TV-studio, fleirkameraproduksjon og heimesnikra videoar.

Samarbeid: UKM Herøy 2021 er eit samarbeid mellom kulturavdelinga, Fritidsklubben, Herøy ungdomsråd, Herøy kulturskule, HerøyLAN og Fosnavåg Konserthus. F.v. Ingvill Sævik Bjørnseth, Mathias Dybvik, Carl-Henrik Moltumyr, Bjørn Holum og Mona-Grethe Ryssevik.Foto: Privat  Foto: Privat

Nyhende

– Det blir kjempespennande, og vi trur det kjem til å blir skikkeleg bra også.

Det seier ei av dei mange eldsjelene som står for arrangeringa av lokalmønstringa i Herøy, Mathias Dybvik. Pandemien har tvinga dei lokale arrangørane til å tenke alternativt i år, men dei ser ikkje nokon grunn til å senke ambisjonsnivået. Dybvik fortel at ein i Herøy planlegg å lage heile mønstringa som ei TV-sending 20. mars.

– For dei som vil delta vil det derimot vere nokså likt som før. Ein melder seg på, helst i god tid, på UKM.no. Her kan du delta med alt du måtte ønskje; musikk, dans, litteratur, kunst, film eller som programleiar. Berre fantasien set grenser, forklarar han.

Filming i starten av mars

Når ein har meldt seg på vil ein ha to val for korleis bidraget blir presentert. Det fyrste valet ein har, er at ein filmar seg sjølv medan ein framfører det ein ønskjer å delta med. Ein kan til dømes filme seg sjølv danse, synge eller lese ei forteljing.

– Kanskje kan ein gjere det på ein slik måte at ein får vist fram Herøy og der ein bur? Vi vil til døme gjerne sjå musikkvideoar frå ulike plassar i kommunen, seier Dybvik og oppmoder til kreativitet.

– Her er mange kreative folk her ut og ein treng ikkje meir enn eit mobilkamera for å få til noko veldig bra, held han fram.

For dei som synest det kan vere vanskeleg å lage eigen video står arrangørane og HerøyLAN meir enn gjerne til teneste.

– Fyrste veka i mars riggar vi opp til fleirkameraproduksjon på konserthuset og inviterer dei som vil til å framføre sitt innslag der, så fiksar vi redigeringa og lyden. Ein treng då med andre ord berre møte opp og framføre, utan publikum, så er det gjort, forklarar Mathias.

Han ber om at dei som skal delta melder frå tidleg om dei sendar inn sjølv eller treng hjelp. Då det tek litt tid å produsere, er det greitt å vite i god tid kven som vil vere med.

Studiosending

Når alle videoane er innsende og ferdig produserte i løpet av fyrste veka i mars, har arrangørane ein stor jobb å gjere med å sy saman alt til ei fullstendig sending.

– Vi kjem då til å rigge opp eit skikkeleg TV-studio der vi treng programleiarar som skal leie oss gjennom sendinga. Det trur vi kjem til å bli knalltøft, konkluderer Dybvik.

UKM Herøy 2021 er eit samarbeid mellom kulturavdelinga, Fritidsklubben, Herøy ungdomsråd, Herøy kulturskule, HerøyLAN og Fosnavåg Konserthus.

Sande-ungdommen er i tenkeboksen

I skrivande stund er det enno ikkje klart korleis det blir i Sande, men vi veit at ungdomsrådet hadde måte måndag kveld etter avisa gjekk i trykken, og vi blir ikkje forundra om dei dyktige ungdomane der også finn på eit eller anna kreativt i samband med lokalmønstringa.