Smittetilfelle nummer 4 i Sande i år

Kommuneoverlegen fekk i dag, torsdag, melding om ein person som er kome frå utlandet har avlagt positiv test for korona. Vedkomande vart testa 12. januar og sit no i isolasjon. Fire nærkontakter sit i karantene og blir oppfølgde med testing i ettermiddag av Sande legesenter. Dette skriv Sande kommune i ei oppdatering.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende