Frå årsskiftet steig ferjeprisane med 20 til 30 prosent - Kristin Sørheim (Sp) svarar om auka:

– Skulle ynskt at korona- rabatten heldt fram på ferjene

Fylkespolitikarane sa i haust at det ikkje skulle verte prisauke på ferjene etter nyttår. Frå årsskiftet steig prisane med 20 til 30 prosent.

164 kroner for ein tur: Hareid - Sulesund-overfarten kostar i dag 164 kroner (82 kroner med rabatt) for ein bil under 6 meter. Arkivfotos. Endre Vorren 

Nyhende

Skal du reise med personbil frå Hareid til Sulesund, kostar det no 82 kroner, inkludert rabatt. Før nyttår var prisen 63 kroner og 50 øre.