Ein person i innreisekarantene i Herøy har ved innreise testa positivt for covid-19, opplyser kommunen.
Personen er sett i isolasjon og 31 andre personar er sett i smittekarantene.
- Gjennom godt samarbeid med arbeidsgjevar har ein oversikt og kontroll på situasjonen, opplyser kommuneoverlegen fredag kveld.
54 personar har fått korona-vaksine i Herøy og Sande:
Her får Petter første dose
– Det var godt å få tatt han. Det var berre eit lite stikk.
Mange smitta i Ulstein/Sande
Tidlegare denne veka har både Sande og Ulstein fått fleire tilfelle av koronasmitta personar i befolkninga. Samtlege kom ved innreise frå utlandet. Ulstein har fått heile ti stadfesta tilfelle av koronasmitte etter nyttår, medan talet i Sande er to.