Vil du ta koronavaksinen?

Dette må vere i orden før du kan bli varsla om din tur

– Vi ber alle innbyggjarar over 18 år om å sjekke at dei er registrerte med mobiltelefonnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du ikkje er registrert, kan du gå glipp av viktig informasjon om vaksinasjon – og andre varslingar frå kommunen din.

Vaksine: I veke 1 startar ein opp med vaksinering av dei første personane i Herøy og Sande.  Foto: Illustrasjon/Pixabay

Nyhende

Det skriv Herøy kommune i ei pressemelding.

I veke 1 kjem dei første ti dosane med koronavaksine, og når helsevesenet er ferdige med å vaksinere bebuarar ved sjukeheimane i Herøy, vil dei varsle deg på SMS når det er din tur til å bestille time for vaksinering. Dei kjem også til å informere på nettsida og på Facebook.

– Mange tek no kontakt med oss fordi dei ikkje har fått SMS, og det skuldast manglande registrering av mobiltelefonnummer i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret, heiter det i pressemeldinga.

Her sjekkar du om du er registrert

På noreg.no kan du registrere denne informasjonen om deg sjølv, og når du blant anna får digital post, er det her tenesta hentar kontaktinformasjonen ifrå. Noreg.no er ein vegvisar for offentlege tenester på nett.

Du må logge inn via IDporten med sikker innlogging for å utføre denne handlinga. Har du ikkje BankID kan du nytte PIN-kodar.

Her registrerer du telefonnummer.

Har du mista kodane? Her kan du bestille nye.

Manglar du eller den du er pårørande til mobiltelefonnummer?

Frykt ikkje. Ein kan registrere pårørande sitt mobiltelefonnummer. Dermed vil ein kunne varsle den det gjeld når ein kan bestille tid for å få vaksinen.


Du går ikkje glipp av vaksinen

Alle over 80 år blir kontakta på telefon etter kvart som vaksinane kjem. Dette skjer puljevis over fleire veker, avhengig av kor mange vaksinedosar vi får. Vi gjer dette for å sikre at alle som ønskjer det, får høve til å få vaksinen.


Startar vaksinasjon mot koronaviruset i januar:

No kjem vaksinen!

Kven får vaksinen til kva tid? Kvar vert han gitt? Kostar det noko? Må ein bestille time? Og ikkje minst; er det lokale helsevesenet førebudd på det som skal skje? Les vidare, så får du svar.


– Vaksinering av ei aldersgruppe/risikogruppe vil gå føre seg over fleire veker, og skulle du vere så uheldig at du ikkje fekk med deg når dette går føre seg, er det ikkje slik at du då ikkje får vaksine. Då tek du kontakt med oss og vi gir deg nye vaksinasjonstider ved neste leveranse slik at du får begge dosane med tre vekers mellomrom, skriv kommunen.


Alle skal få!

Norske helsestyresmakter forsikrar om at alle som ønskjer vaksine mot koronaviruset skal få høve til å få den, men det er nødvendig å prioritere kven som skal få først sidan kommunane får dosar i ulike puljar. Det er dei nasjonale styresmaktene som avgjer kven som skal få først. Du får beskjed når det er din tur, og derfor er det viktig å halde seg oppdatert på nettsida og via SMS når vaksinen er klar til deg.

Alle som skal vaksinerast må ha to dosar med minst tre veker mellomrom. Når du får bestille tid for vaksinering, vil du få time til både første og andre dose. Vaksinen er gratis og frivillig.

Det er også lov å ombestemme seg. Om ein først har sagt nei til vaksine, kan ein likevel få den seinare. Då må ein berre vente til neste leveranse.