– Korona-staben i Sande har gjort ein kjempejobb

Sande kommune har eit lite helseapparat, men har levert så det held under pandemien. No kjem det rosande ord om innsatsen i eit politisk vedtak.

I kampens hete: Dette bildet vart teke under ei massetesting av brakkebuarar på ein rigg i Myklebustmyrane i haust. No får korona-arbeidarane i Sande skryt og gode ord.   Foto: Endre Vorren (arkiv)

Nyhende

– Det kom mykje godord til kommuneoverlegen i samband med ulike tiltak, og rettleiing i samband med koronasituasjonen. Hennar måte å takle situasjonen på har ført til lite smitte i kommunen. Ho har gjort ein kjempejobb.