Skuledebatt i formannskapet:

– Må tenkje grundig over konsekvensane

Sande-politikarane vil sjå på skule igjen, men ingenting vert gjort med strukturen neste år. No skal det setjast ned eit utval som skal arbeide med saka i store delar av 2021.

Anne-Marte Beitveit: Ho kom med sterke formaningar om å tenkje konsekvensar ved alt ein føretek seg.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Eit samla formannskap stilte seg denne veka bak helse- og oppvekstutvalet si innstilling i saka. Det blir truleg det endelege vedtaket i kommunestyret komande veke. Her har ein endra på kommunedirektøren si innstilling. Han ville setje ned eit utval som jobba svært snøgt, med krav om ei innstilling innan 15. mars i år.