Skal hente gamle steinprøver frå Herøy

Steinprøver frå Herøy gamle kyrkjestad skal kaste lys over bruken av marmor på Sunnmøre i mellomalderen.

Herøy: Steinprøver frå dei gamle kyrkjemurane på Herøy skal vere med å kaste lys over bruken av marmor på Sunnmøre i mellomalderen.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Kulturdirektøren i Møre og Romsdal har gitt løyve til uttak av steinprøver frå dei gamle kyrkjemurane på Herøy og tre andre mellomalderkyrkjer på Sunnmøre. Det dreiar seg om mindre fragment. Dei andre prøvene skal takast frå Ulstein, Borgund og Giske kyrkjestad.