Bebuarane på Johan Riises Minne såg ikkje lenger ut vika:

... så tok karane fram motorsagene

Bebuarane på omsorgsbustadane i Gjerdsvika syntest det var trasig med den aukande gjengroinga. Så mobiliserte bygda.

Gjerdsvika: Her er dei framleis ikkje ferdige, men vi ser allereie ei monaleg betring. Utsikta frå Johan Riises Minne er endå eit hakk opp i terrenget, så no vert det høve til å sjå både sørsida og nordsida av vika, og eit stykke ut på havet. Foto: Dugnadsgjengen 

Det var litt rørande første dagen. Då stilte damene seg opp på altanen og vinka til oss

Stian Pettersen
Nyhende

– Eg syntest det var for ille at dei som bur på Johan Riises Minne skal ha slik utsikt. Stort sett er det berre skog nedanfor bustadane no. Det var leitt å lese om det i avisa, seier Stian Pettersen.