Kommentar til Herøy kommune

Kva skjer med Leine-Voldsund-vegen?

Eg er kjend med samansetning av «Makteliten» at minst tre av personane i denne gruppa har bustad i Kvalsvika. Kan det ha hatt noko å bety for forhandlingane i gruppa? skriv Paul Harald Leinebø

Paul Harald Leinebø: - Mitt første og forferdelige barndomsminne var når bestemora mi Sara døde (staden på bildet). Ho vart påkøyrd rett nedanfor huset der vi budde. Det var 15. okt. 1965, eg var 6 år gammal, eg gløymer det aldri. Sidan den tid har vi, på strekket derifrå og innover mot Nærøykrysset, mista 5 personar som har døydd i trafikkulukker. Det er heilt forferdeleg. Det einaste som har skjedd på det strekket der bestemora mi døydde er at vegen har fått høgare veggrøft. Han har ikkje blitt breiare trass i at dette er ein fylkesveg med kjempestor trafikk.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Viser til Vestlandsnytt 17.11 gjeldande saka «Millionar til Ressurssenter, kai-satsing og Kvalsvik-veg» der Posisjonspartia er avbilda, heretter kalla «Makteliten i Herøy». Eg heldt på å få sjokk då eg såg avsnittet «Ny innfartsveg til Kvalsvika» i perioden 2021 med 10 mill NOK, og Leine-Voldsund endå ein gong utsett, eller nedprioritert igjen.

Kva er det som skjer?

Kva i alle dagar har skjedd? Korleis er det muleg at ei ny vegstrekning plutseleg kan kome framom alt, og då i budsjettsaka, og allereie til neste år? Kvar er finansieringa av denne vegen? Er Fylket innkopla? Er vegstrekket frå Teigane til Kvalsvika teikna og berekna? Kor lang vert vegen? Kor brei? Skal den ha gangfelt? Kva er kostnadsoverslaget? Eg har aldri sett den på ei prioritert liste tidlegare og trur ikkje den er regulert. Kan ein då sette av pengar til eit prosjekt berre fordi at nokon vil det?

«Herøy Kommune» har i fleire tiår hatt denne Leine-Voldsund oppe som førsteprioritet. Utallige delegasjonar frå samferdsel både frå departement og fylke har vore på synfaring. Kva vil dei tru no når det skal søkjast om midlar til noko heilt anna?


Nok eit trafikkuhell på Leinøya:

- Må nokon døy før noko blir gjort med denne strekninga?

Seinast i mai var Herøy kommune i kontakt med fylket ang trafikktryggingstiltak på strekninga Leine-Voldsund. Tysdag køyrde nok ein bil av vegen.



Fylket om Leine-Voldsund-strekninga: Difor er han nedprioritert

– Vi skjønar at der er behov for utbetring av vegen, men han skil seg ikkje mykje frå andre vegar i Møre og Romsdal.


I februar 2002 samla min onkel, Halvard Leinebø, og leverte inn over 500 underskrifter frå personar som bur på Leine, Voldsund, Remøy og Runde med krav om utbetring av den smale vegen. Då vart det lova veg, seinare det same, men kva tid skal det skje? Korleis er det muleg at Makteliten med avbilda politikarar, samt den nye kommunedirektøren, sånn utan vidare, i eit framlegg til budsjett, kan «hoppe bukk over» tidlegare vedtekne vegprosjekt?

Strekninga Leine-Voldsund har vore på topp av prioritert liste i fleire tiår no. Leinevegen var nesten ferdig regulert på 90-talet. Deretter vart den tatt opp att og regulert/godkjend 25/2- 2010 (plan 201003). I mellomtida har alle desse prosjekta kome framom:

1 Veg til Mjølstadneset

2. Veg Leikong/Klokkargarden

3. Fylkesveg Tarberg

4. Fylkesveg/ gangfelt Aurvågen

5. Veg til Kulturhuset

6. Utbetring Skarabakken

7. Trafikktryggingstiltak Undergrunn Frøystadtoppen (skulle koste 2,5 mill NOK då prosjektet vart lansert og godkjent, fekk ein kostpris på 28 Mill NOK?)

8. Kanskje fleire også, men eg kjem ikkje på fleire i farta. Fleire av personane avbilda her har bidrege sterkt til desse endringane.

Eigeninteresser viktigare enn fellesskapet?

Eg er kjend med samansetning av «Makteliten» at minst tre av personane i denne gruppa har bustad i Kvalsvika. Kan det ha hatt noko å bety for forhandlingane i gruppa? Ser elles at det er ferdig snakka og forhandla. Det kan sjå ut som om den mest framtredande politikaren frå Kvalsvika har hatt sin eigen agenda ilag med sine sambygdingar for å kome i mål. Han er også Fylkespolitikar og sit i Samferdselsutvalet, slik eg forstår det. Er han ikkje då også forplikta til å følge Herøy kommune sine vedtekne prioriteringar? Og/eller ha eit over- ordna ansvar i forhold til tidlegare vedtak og ikkje minst eigne lovnader? Eller jobbar han som enkeltperson for bygda si, heller enn å gjere jobben sin for fellesskapet?

Eg sat sjølv mange år i Herøypolitikken. Men for meg vart det svært vanskeleg å slåst for Leine-Voldsundvegen då eg følte inhabilitet som bebuar langs strekninga. Og i alle fall med hatten som varaordførar på vegne av heile kommuna måtte eg mang ein gong setje egne interesser til side.

Fleire vegar står før i køa

Kva så med vallovnadane og partiprogramma? Mitt tidlegare parti KrF stod fram med Leine-Voldsund som førsteprioritet. Fleire av desse partia hadde det som kampsak i valkampen. Mange stemde på desse politikarane. Men kva skjer no? Gjeld lovnaden ikkje lenger?

Eg vil minne om stortrafikken gjennom Leinebygda, særleg på sommarstid, av turistar og andre til og frå Runde, ofte bilar med høg fart. I tillegg har vi Runde Miljøsenter sin auka aktivitet. Leinebygda har siste åra hatt ein formidabel utbygging, og ny skule har vi fått. Nye hus med fyllingar heilt ned i vegbana har gjort at strekninga er endå meir utsett, så noko bør skje før vi får ei skikkeleg ulykke. Vegen er i delar av strekket berre tre meter brei og fleire skuleungar og gåande langs vegen er utan sikkerheit. Generelt er vi bakpå med sikring av mjuke trafikantar i Herøy. Eg vil nytte høvet til å minne også om andre strekningar som Frøystad-Torvik og ikkje minst i Sandvika, som også ventar på at noko skal skje, og bør skje.

Eit budsjett i tråd med lovnader og vedtekne planar

Elles synest eg det er fantastisk, ja nesten utruleg, å lese at «Makteliten» no plutseleg kan bygge fullt ut heile kaistrekket på Mjølstadneset og samtidig klare utdjupinga med meir på Fosnavåg hamn. Frå å ha gjort negativt vedtak på hamna, har alle parti samla seg og snudd. Kjempebra jobba, og eg ser fram til å få sjå den optimisme som då vert skapt i Herøy. Positivt. Men eg lurer verkeleg på om dette er ein realistisk lovnad, og om pengane strekk til? Etter det eg har fått opplyst var kommunedirektøren sitt forslag 50 mill NOK høgare, men «Makteliten» kutta dette beløpet og plasserte det på nettopp innfartsvegen i Kvalsvika og til Ressurssenter i staden.

Så det siste. Dersom forslaget «Makteliten» er så einige om går igjennom i Herøy kommunestyre, så skal det vel ut til innbyggarane på høyring/uttale. Korleis kan «vi som stod på listene til onkel Halvard», eller folket i desse bygdene, få høve til å seie noko om vedtaket? Eg forutset at grunnen til at det skal ut på høyring, er at innbyggarane i Herøy kan uttale seg eller ha noko vi kan seie. Kva prosedyrer er det på dette?

Eg har framleis tru på at «Makteliten», i lag med dei andre leiande partia i kommunestyresalen, finn samla fleirtal for eit godt, endelege vedtak i budsjett som er i tråd med tidlegare vedtekne planer til det beste for innbyggarane i Herøy og i.h.t tidlegare lovnader. Det passer nok ordføraren på.

Leine 19.nov 2020

Paul Harald Leinebø