Opposisjonen kritiske til fleire posisjonsframlegg:

– Får ikkje ny skule for 23 millionar

Etter budsjettframlegga var presenterte av både posisjonspartia og Høgre og Frp, oppstod det ikkje uventa diskusjon kring framlegga.

Bjarne Kvalsvik: Kan ein løyve kommunale midlar til Leine-Voldsund kan ein også gjere det for Kvalsvika sin innfartsveg meiner varaordførar Bjarne Kvalsvik. – Dei er likt prioritert på fylket, sa han,  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Tine Storøy (H) var den fyrste til å ta ordet. Og ho hadde fyrst spørsmål om Fosnavåg hamn og det faktum at posisjonen i sit framlegg har fjerna 50 millionar, samanlikna med det kommunedirektøren, dei og Frp har gjort i sitt framlegg.