Ferdige med isolasjon og karantene

Alle som har vore i isolasjon og smittekarantene i Herøy er no ferdige med det.

Korona Covid-19 

Nyhende

Det opplyser Herøy kommune på sine heimesider.

Det er ikkje påvist nye positive tilfelle sidan 28.10.20.

Per 16. november har det kommunale helsevesenet utført totalt 2295 testar, av dei er 119 tekne sist veke.

– Eg vil oppmode alle om å ha låg terskel for å la seg teste. Det er den beste måten for oss å ha oversikt for å fange opp eventuelt smitte så tidleg som råd er. Spesielt vil eg oppmode alle som har vore på reise i område med meir smitte enn her om å ta ein test, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.